For barn og unge med nedsett funksjonsevne 

Inkludermeg.no (PleaseInclude.me) støtter arbeid som løftar fram og inkluderer barn og unge med nedsett funksjonsevne gjennom samarbeid med lutherske kyrkjesamfunn i Europa. 

Verdensdagen for Downs syndrom 21.mars 

Vi vil oppmode dykk om å markere verdsdagen for downs syndrom komande fredag 21.mars.

Kanskje spreie glede med å bruke Rockesokk (2 ulike sokkar/strømper), og informere på dykkar heimesider/sosiale media-profil?

Hent gjerne ide frå Bjørgvin bispedøme sin artikkel: 

God rockesokk!


Jostein Bildøy ny styreleiar i European Lutheran Sunday School Association (ELSA)

Frå februar 2024 er Jostein Bildøy styreleiar i organisasjonen European Lutheran Sunday School Association. Ein organisasjon som har som oppgåve å stimulere nettverket av lutherske kyrkjesamfunn og søndagsskuleorganisasjonar i Europa til å formidle kunnskap og relasjon om Jesus til born og ungdom. 

Gjennom den kvart 3.årlige ELSA-konferansen samlar vi kyrkjesamfunn og organisasjonar som er medlemar til ein konferanse med temasamlingar, eksursjon til lokalt kyrkjelydsarbeid, samling med lokale frivillige i vertskapslandet, og erfaringsdeling i korleis arbeide med vaksne frivillige, ungdomar og barn i sine respektive nasjonale kyrkjer. 

Den neste konferansen er i Albania 7.-11.mai 2026. 

Frå biletet: Møte mellom styret i ELSA og Biskop Ivan ELk og han stab  i den Evangeliske kyrkja av den Augsburgske vedkjenning i Slovakia, oktober 2024.

Les meir her: 

 

Bli ambassadør i eit inspirerande nettverk.

Som ambassadør er du med å aktualisere at INKLUDERMEG.NO kan føre til nettopp det for utsette barn og unge som treng det: Inkluder meg no. 

Ambassadørar får nytt frå arbeidet gjennom epost, tilbod om å delta på arrangement og turar, 

Ver mellom dei første som får siste nytt!